Region Bergen: Kort veg frå produkt til marknad

Ved utgangen av 2020 er ni kommunar i tillegg til Bergen med i destinasjonsselskapet for Bergensregionen, Visit Bergen. Austevoll kommune vart med i samarbeidet i 2020 andre halvår. Det vil seie at Visit Bergen sitt geografiske nedslagsfelt og arbeidsområde no strekkjer seg frå Austevoll i sør til Sognefjorden i nord og Modalen i aust. Dei deltakande kommunane i regionsamarbeidet er: Alver, Austevoll, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Øygarden. Nordhordland Utvikling IKS fungerer som eit bindeledd i prosjektet.

Frode Nergaard Fjeldstad har vore leiar for prosjektet til og med september 2020. Frode slutta i Visit Bergen 30. september. Ann Kristin Schei har frå oktober tatt over som ny prosjektleiar og hovedkontakt for verksemdene. Ho har og tatt over ansvaret for produktutvikling, medan reiselivsdirektør Anders Nyland frå same tid har tatt over ansvaret for kontakten og dialogen med kommunane.



Nettverk og auka kompetanse
Koronakrisa har redusert moglegheita for ulike treffpunkt. Likevel har det, situasjonen tatt i betraktning, vore eit høgt aktivitetsnivå for verksemdene i regionen.

Det er gjennomført fire nettverkssamlingar. Tema for desse har i stor grad handla om marknadstilpassingar knytta til pandemien. I tillegg har me i samarbeid med Osterøy Utvikling nytta pandemitida mellom anna til å engasjere oss ytterlegare i arbeidet med å utvikle Osterfjorden som reisemål.

Sjølv om året har vert prega av pandemien, har det også i 2020 vore satsa på kompetansehevingstiltak. Desse kursa har vore avvikla i samarbeid med Innovasjon Norge:
• Opplevingskurs, februar 2020
• Pakketering, distribusjon og salg, mars 2020
• Korleis bli god på nett, september 2020
• Vertskapskurs, oktober 2020

I tillegg har veksemdene i regionen vore invitert på to kurs saman med andre medlemmer i Visit Bergen:
• Korleis lage god video, oktober 2020
• Media og PR-kurs, november 2020

Saman om marknadsføring av Bergensregionen:
Den store marknadsføringsinnsatsen i 2020 vart retta mot norske barnefamiliar som skulle på ferie med bil, og som måtte feriere innanlands på grunn av koronaen. Inhaldsmarknadsføringskampanjen vart breitt distrubuert i eigne kanalar, delte kanalar og kjøpte kanalar. Det blei reklamert for Bergen og Bergensregionen som reisemål mellom anna i Schibsted sine digitale publikasjonar og andre nasjonale nettstader.

I 2020 blei COAST-brosjyra erstatta av ein ny og meir moderne brosjyre. Denne blei laga på både norsk og engelsk for å møte den norske sommarferiemarknaden. 11 turar er skildra. Det er ein QR-kode ved kvar tur i brosjyra, som leiar brukaren til eit digitalt kart og meir praktisk informasjon. Det er og lista opp overnatting (hotell, gjestehus/rorbu og camping), attraksjonar/musea, restaurantar og utsal av lokal mat. Brosjyra har og eit stort kart. Brosjyra er trykt i 50.000 eks, og er distruibuert hos medlemsverksmder, i Turistinformasjonen i Bergen og på informasjonsstands på alle dei største kjøpesentra i regionen. På grunn av pandemisituasjonen har ein tilstreba ein distribusjonsform som når tilreisande turistar, men og dei som bur i Bergen og Bergensregionen.



Nettsidene www.visitbergen.com har gjennom 2020 fått mykje nytt innhald. Ikkje minst er det, på grunn av pandemien, laga mykje innhald beregna på lokalmarknaden og på den norske marknaden. Ulike tilbod i regionen er i langt større grad tatt med mange plassar i Visit Bergen sitt digtale innhaldsunivers. Ikkje minst er regionen tatt med i ei rekke reklamefilmar om alt frå lokal mat til inspirasjonsfilmar for jentetur og guttetur med tilhøyrande artiklar som denne. Men vi har framleis eigne regionale undersider: https://www.visitbergen.com/regionen. Her finn ein oversikt over ting å gjere, hotell/overnatting, attraksjoner og arrangement for kvar region:
• Sotra og Øygarden: https://www.visitbergen.com/regionen/sotra-og-oygarden
• Nordhordland: https://www.visitbergen.com/regionen/nordhordland

Kart er ein viktig reiskap for turistar for å orientere seg på ein destinasjon. Dei fleste som vitjar vår destinasjon, også kortreiste besøkande, veit lite om geografien til destinasjonen før dei kjem. Samstundes ønskjer fleire å utforske destinasjonen på eige hand, gjerne med bil. På grunn av pandemisituasjonen, satsa Visit Bergen i 2020 særleg på informasjon til bilferierande. Mellom anna nytta vi kartverktøyet Alpaca Travel mot eit lokalt og nasjonalt publikum i større grad enn før, og utvikla fleire digitale historieforteljingar frå regionen rundt Bergen i tillegg til å forbedre og søkemotoroptimalisere det innhaldet som vart utvikla i 2019.

I 2020 laga vi for første gang forbrukerretta informasjon beregna på dei som har fritidsbåt. Etter mønster frå historiane beregna på bilistar, laga vi en praktisk digital guide med informasjon om ei rekke gjestehavnar.

I 2021 vil ein utarbeide enda fleire inspirasjonsartiklar som fortel om tilbodet i regionen rundt Bergen, blant anna fleire tips om flotte turmoglegheiter. En vil også lage fleire presentasjonar av lokale medlemsverkemder. Presentasjonane lagast på same måte som desse eksempla frå Bekkjarvik Gjestgiveri, Panorama Hotel og Gripen Gard.

Visningstur i havgapet:
I 2019 jobba Visit Bergen med utvekling av konseptet Storm Watching. Like for lockdown i mars 2020 vart det gjennomført ein internasjonal visningstur for turoperatørar basert på dette konseptet. Panorama Hotell og Øygarden var basen for visningsturen.